Her i huset er det ein sang som er godnattsangen over nokon; Berg og båre. Eg lærte sangen på (jeps, here it comes, avsløringens time) «Kan-ikkje-syngje-koret»-kurs. Me syng denne på tilnærma nordnorsk, så nordnorsk som ein indresogning kan klare. Eg har hatt lyst til å skrive ein godnattsang-post, men kunne ikkje gjere det utan «Berg og båre». Så eg sende ein melding til Kari Bremnes og spurde om eg fekk lov til å bruke teksten hennar, og fekk raskt svar tilbake med positivt svar.
Så her er den mest sangen me syng mest i heimen. Eg begynte å synge den til ungane mine med ein gong eg lærte den, og sang den lenge til jenta mi, som fall like mykje for den som meg. Då ho skulle verte storesøster for andre gong, var ho 7,5-8 år (vart 8 rett før babyen kom), og sang denne sangen kvar kveld til babyen inni magen. Og det vart den sangen som roa babyen etter han vart fødd. No er babyen vorten godt 2 år, og velger alltid «De ko» (=»Der kor») som godnattsang.
(Bildet er ikkje akkurat Berg og båre, men eit bilde av ein stein med hjerte på
Berg og båre
Der kor berg og båre brytes blir det melodia
alt fra løstig sommarlåt te såre symfonia
Kvasse klippa knuses sund og smuldre bort i sanda
men her finns og steina som e god å ha i handa
Der kor berg og båre brytes vil det alltid tære
på den smale, skjøre stripa mella fjor og fjære
Men det går å leva her vi kan ha i minne
at uendelige slag vil ingen kunne vinne
Der kor berg og båre brytes kommer også sangen
langveisfra med seil av sølv heist av solnedgangen
Der den gamle kampen står åpne sæ det nye
skapt av sjø og stein og år og lys fra morragryet
Andre godnattsangar som har vore populære i heimen er «Pusekatt, kest laog du i natt?» og «Katten bad pusen» som begge står i Pusekatt-posten. Og klassikarane som «Sulla meg litt» «Byssan lull», «Når trollmor har lagt», Ivar Aasens «Den fyrste song» og Egners «So ro lillemann».
Byssan lull
Byssan lull koka kittelen full
da kjemme tre vandringsmenn på vegen.
Byssan lull koka kittelen full
da kjemme tre vandringsmenn på vegen.
Den eine akk so halt,
den eine o’ so blind,
den tredje seier slett ingenting.
Sulla meg litt du mamma mi,
skal du få snor i trøya di.
Vil du ha gule,
vil du ha bår,
vil du ha blanke,
skal du det få,
i trøya di,
du mamma mi.
Trollmors voggesang
Når trollmor har lagt sine ellve små troll,
og bunde dei fast i halen.
Då synger ho sakte for ellve små troll,
dei vakraste ord ho kjenner.
Aiaiaiaiaiboff
aiaiaiaiaiboff
aiaiaiaiaiboffboff
aiaiaiaiaiboff
Når me syng godnattsangar, syng me alltid roleg og mjukt, mens me sit tettinntil kvarandre og roar ned. Godnattsang er ein fin del av kveldsrutina. Dersom det samme skjer kvar kveld, i lik rekkefølgje, veit barnet at no er det natt, no skal eg sove. I motsetning til ingen rutiner, då kan det komme protestar, for ungen veit ikkje kva som skal skje. Så å halde fast på rutinar i kveldssamanheng, i legginga, er smart 😉 Særleg dersom legginga er eit problem. (Kanskje eg burde innføre faste leggerutinar på dei to eldste att òg… 😉 )