Dersom ein skal få plass til alt, må det pakkast godt.
Men du har eit vell av idear, inspirasjon, improvisasjon,
ingen samling treng verte lik, det poppar opp
songar og eventyr, kun fantasien set grensene.
Mikkel, Bamse Brakar og Sjiraffen Laffen er sjølvsagde i mine samlingsboksar.
Her er òg eigenproduserte songkort.
Boksen er ei gammal skoøskje, som eg har kledd med papp og «Mc Gyver»-tape.
Dei tre små grisane, Puslegrisen, Sporty Bust og Pelle Gris, og ulven, Missjø Grybin
må jo sjølvsagt òg få vere med i samlingsboksen.
Me syng Alf Prøysen sin «Puslegrisen», me syng «Tre små griser»,
«Med krøllet hale» og så brukar eg dei til å dramatisere eventyra mine.
Den raude boksen brukar eg kun som underhaldning. Det vert so
mykje meir spanande å trekke frå samlinsboksen når
konkreten ligg opp i denne raude boksen. (Ja, eg veit mange har
julekuler oppi slike, men mi julekule overlevde ikkje diversse juletre-fall.)
Eg og misten rydda på rommet hans,
då fekk eg arve mange flotte plastdyr. Slike finst det flust av
i barnehagane rundt om, stapp dei oppi boksen din.
Det er mykje meir spanande å synge «Be be lille lam» når du
trekker fram ein sau, mot som berre å seie;
«No syng me Be be lille lam».
Eg likar visst dyr i samlingsboksen min.
Musa er ei katteleike, kjøpt på ein matbutikk, i anledning Skinnvotten-prosjektet me hadde i fjor. Eit åringane var Pilemus Silkehår.
Fisken fekk plass i boksen under Olav Stedje-prosjektet vårt.
Eg fann han i lagerutsalet mitt. Det var egentleg ein fiskekrok.
Men han funkar flott som konkret. Me brukar han, sjølvsagt, til «Bobb-bobb-dedi-dedi» (Dei tre små fisk), men me har òg sunge «Fiskeskjer». Ingebrigt Davik og Taremareby er òg ein ide i fiske-konkreten.
Kyllingen høyrer påsken til. Billig påskepynt frå Europris.
Viss du bruker augene godt, så ser du ein liten edderkopp attmed fisken. Eg må ha med edderkopp i samlingsboksen min, for det er rett og slett den artigaste songen eg veit om. Det finst eit vell av forskjellege edderkoppar rundt om. Eg har arva edderkoppen frå dotter mi, som har utstyrt samlingsboksen min med mykje rart oppgjennom.
Frosken er frå Forut sin barneaksjon. Me syng «Små froskene» og «M-Æ» når me trekker fram denne.
Når desse tre kjem ut av samlingsboksen samtidig, er det sjølvsagt «Gå ein tur i jungelen» eg har lyst til å syngje. Og dette er alltid ein ønskjesong frå ungane, så her er me bra på nett. Eg har framsnakka rørslesongar både tett og ofte. Litt rørsler gjer songen mykje betre å syngje.
Av og til kjem berre tigeren fram, då syng me «Ein tiger er for diger», kjem berre krokodillen, er det «Nyss så møtte jeg en krokodill» eller «Krokodille i ditt badekar» som poppar fram.
Køyretøy er òg alltid moro! Har du ein båt, kan du syngje «Sortebill» og «Sabeltann», du kan innom «Ro til Siraland», «Ro din båt», «Kven kan segla for utan vind», «Ro til fiskeskjer» og alle andre båt-songar du kan. Mine to toåringsgutar påstår alltid at dette er ei skute, så me startar med Sabeltann før me går over til robåtane våre.
Eit tog er alltid kjekt å ha i samlingsboksen, me syng «Tøffe toget» og «Nede på stasjonen». Dette mini-toget trur eg kom i eit kinderegg ein gong. Det er eit knøtt lite tog frå Thomas-toget. (Eg veit ikkje akkurat kva dette heiter…) Bilen er ein gjengangar, me syng alltid «Ford Escort», men du kan kanskje andre bil-songar?
Desse ordkorta om følelsar likar eg godt. Kjøpte dei gjennom go’boken. Det er ein liten tekst på baksida òg, for å underbygge illustrasjonane.
Tal- og bokstavkort er fine å ha i boksen. Desse har eg laga sjølv, men både sjarmtroll og Alfabetika har ABC og 123 kort som er fine.
Dette var min boks pr i dag. Nøtteliten og Bolla Pinnsvin har òg plass, pga Alf Prøysen-prosjektet vårt. Dessutan ligg det eit rytme-egg eller ein marakass, som ungane spelar på når me syng navnesongar.
Har du boks i samlinga? Kva har du oppi samlingsboksen din? Dersom du fekk idear frå innlegget, er det flott om du deler det med andre, og eg set stor pris på nye idear!
Kos deg med samlingsstunda.
Klem, Gudrun