Eg har teke eit online kurs, og driv framleis å jobbar med det, som heiter Skap din drømmejobb Det er ein lærerik og utviklande prosess, som stadig presser meg ut av komfort sona. Målet er jo då sjølvsagt å skape sin eigen draumejobb. Eg er ikkje kommen så langt endå, men det er takka vera Skap din drømmejobb at eg har begynt med blogging. Og om det ikkje vert draumejobb ut av det (for eg har egentleg ein draumejobb allerede, i kommunen som pedagogisk leiar), så håpar eg at eg tilfører «verda» noko, opnar opp fleire auger for morosame barnesangar og det å bruke seg sjølv for det du er verdt i samhandling med barna.
Vel, gjennom SDD har eg vorte kjend med ei mengde kule gründerdamer, og nokre menn, og lært masse nytt då, veit du, blant anna var det «in» å lage slike flotte bilder med tekst som vert delt på facebook Så her er mine første spede forsøk 😉
Eg driv og les ei bok av Dale Carnegie, og har henta den viktigaste leveregelen derfrå. Det er lett å tenkje at dette er Jesus sine ord, men i følgje Carnegie, er dette ein regel som mange har snakka om lenge før Jesus tid, Zarathustra, i Persia for 2500 år sidan, Konfucius, i Kina for 2500 år sidan, Lao-Zi, grunnleggaren av taoismen, Buddah forkynte det på bredden av Ganges. Og det er jo den finaste og vikigaste leveregelen me kan ha!!
Måtte nett ta med sauene og Bæ bæ-sangen som eg og ungane i barnehagen laga for meir enn ti år sidan 🙂 Improvisasjon er topp <3
Thorbjørn Egner og Kardemommebyen har jo òg den samme leveregelen som omtala over her!!
Og heilt tilslutt favorittsitatet mitt frå Hakkebakkeskogen!! «Man kan ikke dø av det heller» Ubetaleleg!! Og sant! Eg, lærlingen min, studenten min og dei 8 fantastiske 2-3 åringane mine gjorde ein super prestasjon som revar i dag! No har me hatt finalen, og Hakkebakkeskogen-perioden er over for denne gongen, eg kjem til å sakne det litt, men eg virkeleg klar for nye ting no, etter ein månad med veldig intensiv Hakkebakke-fokus 😉
Vart ikkje sang i dag, men ein liten ekstra post, ut av det blå. Og i dag er det den store kompliment dagen, hugs å gi skryt til dei som fortjener det <3 Og viss du finner noko å beundre hjå dei du føler ikkje fortjener det, så gi dei eit kompliment òg. Alle treng skryt og anerkjenning! Sender ut mange klemmar til alle på ein fredagskveld! -Gudrun-