Pelle Gris er ein alvorleg og fornuftig liten gris, han er vant til å ta ansvar og er løysningsfokusert, ei evne han alltid viser fram i møte med Missjø Knit Grybin, ulven i nabolaget.
Mens småbrødrene er opptekne av å leike og ha det moro, gjer Pelle alltid unna plikter og oppgåver før han finn på leik og sprell. No skal du få høyre om kva han gjorde den dagen han skulle byggje seg hus.
Pelle Gris gjekk rundt i nabolaget for å finne den perfekte plassen til huset sitt. Omsider fann han ut akkurat kvar han ville sette det opp. Han fann seg ein liten bakketopp, der han hadde fritt utsyn til alle kantar. Han likte å sjå om det kom nokon, viss vennene kom, kunne han lage klar saft og finne fram kjeks. Og viss det kom nokon som ville ete han, kunne han låse att døra og gøyme seg.
Då han hadde bestemt kor huset skulle stå, oppå den fine bakketoppen, begynte han å tenkje på kva han skulle byggje hus av. Han ville ha eit solid hus, som ikkje kom til å blåse vekk i Dagmar-stormar ein gong. (Dagmar var ein kraftig storm som velta trær og bles av hustak.)
Akkurat då han stod og tenkte, kom det ein bonde forbi. Han køyrde traktor, og bak traktoren hadde han ein tilhengar som var lasta med murstein. Pelle Gris spurde bonden om han kunne få kjøpe all mursteinen som bonden hadde i tilhengaren. Og det fekk han. Bonden kobla hengaren av og let Pelle Gris få låne traktorhengaren til han var ferdig med å byggje huset.
Pelle reiste så rett bort til murebutikken og kjøpte seg resten av utstyret han trengde, ei murskei, som ser ut som ein liten, rar spa, og nokre sekker med mørtel til å mellom mursteinane.
Så var han klar til å begynne med huset sitt. Han mura i veg og bestemte seg for å gjere seg heilt ferdig med huset sitt før han begynte med noko anna. Pelle Gris treivst med å jobbe, han tralla og song mens han mura stein for stein, heilt til huset var ferdig.
Då han var ferdig, og godt nøygd med seg sjølv, fann han ut at han fortjente ein belønning fordi han hadde vore så flink. Han for avgårde glad og førnøygd til butikken, der fyllte han oppi ein stor pose med smågodt som han ville kose seg med om kvelden i det nye huset sitt.
(Ein annan gong skal eg fortelje deg om korleis det gjekk då han var på veg heim med godteposen sin og møtte Missjø Knit Grybin på vegen. Historia ligg klar på pc’en min.)
Det er moro å dikte nye historiar, kjekt å verte kjend med karakterane, som Pelle Gris i dette tilfellet. Eg lagar ofte historiar på direkten. Viss du har lese ein del historiar og har litt fantasi, spinner du berre vidare på ein idè. Her kan du lese det forrige innlegget mitt om då eg brukte dei tre små grisene og Grybin til å fortelje to åringane mine eit eventyr med likheitstrekk med Bukkane Bruse.
Likar du bloggen min, så fortel meg gjerne om det. Blir veldig glad for tilbakemeldingar og kommentarar. Ut veke 41 er det haustferietilbod på hand- og fingerdokker i nettbutikken. Blant anna settet med Puslegrisen, Sporty Bust, Pelle Gris og Missjø Knit Grybin.
Ha ei fin haustferieveke, om du har fri eller om du er på jobb. Eg har fått ein dag haustferie, kanskje eg får tid til å lage endå fleire historiar?
Klem,
-Gudrun-