Kategoriarkiv: bevegelsessang

Gått i gløymeboka?

Eg kjøpte meg ei (haha, kven trur på at det berre var ei?? Prøv heller tre) ny sangbok att i ferien. Ei bok om ting som ikkje måtte gå i gløymeboka. Eg bladde litt i den, og begynte å tenkje på kva sangar eg «hadde» som er gått litt i gløymeboka. Eg kom på to som var skikkeleg in då eg var nyutdanna førskulelærar, men som eg ikkje har høyrt att no i den seinare tid.

Ingen av desse er det eg vil kalle favorittar for meg, men det er enkle sangar som passar godt for små barn.

Den første kan nok sikkert mange allerede, men ikkje mange som brukar den no, kanskje?

La meg presentere deg for Dei tre små grisene og Ulven.
La meg presentere deg for Dei tre små grisene og Ulven.
Med krøllet hale
Med krøllet hale og nese vis,
i bingen springer ein gris.
I søla den rullar seg rundt,
og trampar med alle dei fire små beina
i maten sin,
du store min.
Å fysj, fysja meg for ein gris du er.
(NB: denne har bevegelsar som eg kan skrive opp viss nokon ønskjer det, berre skriv ein kommentar)Denne trollsangen har eg berre høyrt i ein barnehage, den første eg jobba i og den ungane mine har gått i.


Det var ein gang eit troll

(melodi; Napolion med sin hær)
Det var ein gong eit troll som gjekk ut i måneskin.
Det var ein gong eit troll som gjekk ut i måneskinn.
Men så kom morgensola,
og skinte ned på jorda.
Og trollet sprakk og alle dyrene dei ropte TAKK!!
Eg vert veldig glad viss du kommenterer i bloggen. Kom gjerne med forslag til gløymde sangar, og forslag til ting/sangar eg kan skrive om. Eller berre sei hei, slik at eg veit du har vore innom 😉
-Gudrun-

Fargerike hender

Dette er ein sang som eg lærde for nokre år sidan (OK, sikkert nærmare 10 😉 ) og så har eg heilt gløymt den. Rota litt i ein av sangpermane mine i dag, og der dukka han opp 🙂 Eg har laga eit ark for kvart vers, og tegna enkle illustrasjonar som penser ungane inn på kva verset handlar om. Som eg har sagt før, eg er ingen kunstnar, men det er det heller ikkje behov for, ein fyrstikktegning er god nok illustrasjon. Det skal vere enkelt og greit. Illustrasjonane fungerer som ark med tekst på for ungane, dei ser illustrasjonen og kjem på korleis verset går. Beveglesar fungerer på samme måten, viss du gjer bevegelsen litt på førehand 😉

Fargerike hender
Måndag
So svart eg vart på hendene på måndag, på måndag.
So svart eg vart på hendene på måndag.
Eg helsa på ein feiar.
Han var ein artig kar.
So svart eg vart på hendene på måndag.
(illustrasjonen her er ei svart hand og ein flosshatt)
Tysdag
So brun eg vart på hendene på tysdag, på tysdag.
So brun eg vart på hendene på tysdag.
Eg rørde rundt i sausen,
men hadde ingi skei.
So brun eg vart på hendene på tysdag.
(illustrasjonen er ei brun hand og ein kjele)
Onsdag
So blå eg vart på hendene på onsdag, på onsdag.
So blå eg vart på hendene på onsdag.
Eg fann ein kopp med blåbær,
men koppen han gjekk sund.
So blå eg vart på hendene på onsdag.
(illustrasjon er ei blå hand og ein kopp)
Torsdag
So raud eg vart på hendene på torsdag, på torsdag.
So raud eg vart på hendene på torsdag.
Eg ville hjelpa mormor å laga syltetøy.
So raud eg vart på hendene på torsdag.
(illustrasjonen her er berre ei raud hand)
Fredag
So grøn eg vart på hendene på fredag, på fredag.
So grøn eg vart på hendene på fredag.
Eg skulle måla stolen,
men fargen kom på meg.
So grøn eg vart på hendene på fredag.
(illustrasjon er ei grøn hand og ein stol)
Laurdag
So kvit eg vart på hendene på laurdag, på laurdag.
So kvit eg vart på hendene på laurdag.
Eg baka fine bollar
med veldig mykje mjøl.
So kvit eg vart på hendene på laurdag.
(illustrasjon ei kvit hand og ein bolle)
Søndag
So rein eg vart på hendene på søndag, på søndag.
So rein eg vart på hendene på søndag.
No har eg vorte stor
og no vaskar eg meg sjølv.
So rein eg vart på hendene på søndag.
(illustrasjon ei kvit hand som «skin», dvs gule strekar rundt 😉 )

Eg skal hugse på denne sangen, og bruke den både heime og på jobb. Tøff sang!! 😉

Vesle Petter Edderkopp

Vesle Petter Edderkopp er ein så genial sang, at den fortjener ein eigen post. Det er ein enkel sang, som er lett å lære, den har enkle bevegelsar som gjer det enklare for ungane å hugse den og etter kvart som ungane vert større, går det an å gjere bevegelsane vanskelegare. Og det som gjer den til ein av mine store favorittar; den kan varierast i det uendelege, og ungane kan vere med å komme med forslag.
Alle kjenner jo dei Vesle Petter Edderkoppen. Men så finst jo òg den Pitte Vesle, som må syngast med lys, lys pipe stemme og ørsmå bevegelsar. Den Store Petter Edderkoppen syng me med djup, høg røyst og svære bevegelsar. Den Gamle med skjelvande stemme og bevegelsar. Den raske syng me fort og med raske bevegelsar, den treige er skikkeleg treig. Den sinte, som jo er litt morsom å syngje, sidan me kan bruke sint stemme berre på tull. Den sinte har brå bevegelsar. Den Tyske har firkanta bevegelsar, den Amerikanske har store bevegelsar… osv. Og den Morsomme som eg skreiv om i første posten, han berre ler.
Edderkoppen over her, har eg kjapt laga på Paint. Ein enkel illustrasjon, som gjer det enkelt å sjå kva sang me skal syngje. Ungane likar illustrasjonar! Og det enkle er ofte det beste <3
-Gudrun-

 

Honk Honk


Eg har vore på ferie, turnert rundt på Vestlandet, med ein snartur til London og Diggerland i Kent. Utruleg morsom familiepark, som fengja heile familien! Ikkje var det så dyr tur heller, flaug og budde billig. Været var som på Vestlandet, veldig varierande, så det var ikkje så veldig mange i parken den dagen me var der. Bra for oss, for me fekk prøve alle attraksjonane med bortimot null ventetid. Eg kjem ikkje på nokon gravemaskinsang på ståande fot, men eg deler den ultimate bilsangen i dag. Alle ungar elskar denne sangen, og eg har lært den på Armeen, på Knøttekoret 🙂 Det er ein bevegelsessang, som gjer den enkel å lære, dessutan er det 5 vers, men alle versa er like 😉
Honk honk

Eg er eit lite stykkje tinn, («lite» tegn med fingrane)
ingen veit kor eg skal inn (riste på hovudet)
Har fire hjul og køyrer fort (lage sirklar med begge hender)
Eg er ein Ford, ein Ford Escort. («bukseselar»)
Honk honk («kylling»)
rasle rasle rasle («motor»)
kresj (slå mot panna)
tutt-tutt (nasen)
x 3
Honk honk 
honk honk honk.
Synge fortare og fortare gjennom alle 5 gira.
Nokon som kan ein gravemaskinsang? (Kanskje eg skal google «Store maskiner, vi kan…») Del den gjerne i kommentarfeltet <3
-Gudrun-

Båtsangar

Båt er litt kjekt, sjølv for ein innbarka daling som meg (med litt, eller mykje, bømlablod). For dei som lurer, så er bildet av båten teke på verdas vakraste øy, Bømlo <3 Når eg var liten og gjekk på søndagsskulen, sang me jo ofte sangar som eg ikkje kunne, men det løyste eg glatt med å syngje «Min båt er så liten» inni meg og gjere ørsmå bevegelsar med hendene.

Min båt er så liten
Min båt er så liten, og havet så stort, men Jesus har grepet mi hand.
Når han styrer båten, då går det så bra, på vegen til himmelens land.
Når han styrer båten, då går det så bra, på vegen til himmelens land.
Men no kan eg jo sjølvsagt mange fleire sangar, blant anna denne;
Ro din båt
Ro, ro, ro din båt,
ta din åre fatt.
Vuggende, vuggende, vuggende, vuggende,
over Kattegatt.
Ro din båt er kjempe enkle bevegelsar til, først ro og så vugge. Det er ein perfekt sang for babyar og små barn. Dette var godnatt-sangen til mellomstemann i lange tider.
Ein god, gammal sognesang er «Ro til Siraland». Denne kan dei fleste barnehageungar i Sogndal, takka vera Toneskrinet som turnerte barnehagane for nokre år sidan.
Ro til Siraland
Ro, ro til Siraland,
femtan kake og fira mann.
Men dao dei kom til Siraland,
aott ikkje dei ein mata grand.
Eple, pære og plomme,
putta dei i lomme.
«Ro til Baltanskjer» er ein annan Toneskrinetsang om båt, den er morsom å syngje, viss ein ikkje høyrer for mykje på teksten 😉
Ro til Baltanskjer
Ro, ro til Baltanskjer,
der sat ei kjerring og fraus ihel.
Ho var so krokut i fotan, ho kund’ ikkje dansa til notan.
Laona meg ein hammar og laona meg ei tang,
so skal eg nok snart fao dan kjerringi på gang.
Kjerringi opp og dansa, so føtene begynte å svansa.
Det er kjekt å ta vare på gamle sangar frå lokalområdet. Her i vårt område har me ei eldsjel som lærer sangane vidare til ungane i bygda. Slike finst sikker òg rundt om i landet, desse gjer ein viktig jobb.
Eg har vore på Frelsesarmeen med alle tre ungane, på babysang, og ein av mange favorittar der, har vore denne;
Store bølger, små bølger
No sit me her og ror,
i vår vesle båt.
Sjøen er stor, veldig stor,
og det kommer bølgjer.
Stor bølgje, liten bølgje.
Stor bølgje, liten bølgje.
Stor bølgje, liten bølgje.
Sjøen går i bølgjer.
Mens me synger denne, ligg alle babyane på golvet mens mammene held tynt, tynt blått og kvitt stoff over dei og lager bølgjer i takt med sangen. Ungane ligg som spikra!
Dette var eit knippe av båt sangar, det kjem nok fleire etter kvart. <3
-Gudrun-