Kategoriarkiv: foreldretips

Å rose barna, og korleis gjere rosen meir effektiv.

Eg driv og les ei veldig nyttig bok for tida, «De utrolige årene» av Carolyn Webster-Stratton. Ho gir mellom anna råd om å rose barna og korleis gjere rosen meir effektiv.


  1. Ver spesifikk; beskriv åtferda du likar.
  2. Gi ros på rett stad til rett tid.
  3. Vis entusiasme; energisk, omsorgsfull og ærleg.
  4. Unngå å kombinere ros og irettesettelse.
  5. Gi ros straks; ofte og konsekvent.
  6. Åtferda treng ikkje vere perfekt for å fortjene ros.
  7. Oppmuntre barna til å rose seg sjølv.
Denne boka gir ei rekke tips på korleis du kan løyse daglegdagse utfordringar med barna dine, og får mi anbefaling.

-Gudrun-

Kva treng ungane i barnehagen?

Mange nye foreldre er usikre på kva ungane faktisk treng å ha med seg i barnehagen. På planleggingsdagen fredag, sette me på avdelinga oss ned og skreiv ei «Utstyr som trengs i barnehagen»-liste.

Her er den:

  • 2-3 sett med byteklær. (Dersom ungen nett har slutta med bleie, må de ta med mange truser og bukser. Hugs dessutan på å fylle på med det som vert brukt. Ofte vert berre buksa blaut, då treng du berre ta med bukse, ikkje eit heilt sett. Det pleier nemleg ofte å hope seg opp med gensarar og teskjorter i bytekorgene 😉 )
  • Regnklær og støvlar
  • Tynn dress (haust/vår-dress)
  • Bleier, ikkje Up and go! Stellekrem.
  • Vogn/vognpose for dei som treng det.
  • Koseklut/smukk for dei som brukar det.
Vinteren
  • Ulltøy/fleece til å ha under dressen
  • Tjukk og romsleg vinterdress
  • 2 par vottar (viktig at dei ikkje er for store!! Strikka vottar er supre til små hender.)
  • Hue med god passform/halshue
  • Hals eller buff, ikkje skjerf.
Ønskjer alle ungar og foreldre ein fin oppstart i barnehagen, og avsluttar med det viktigaste; MERK ALT, ALLTID!! 😉

Del gjerne med andre som treng det, og følg gjerne bloggen på Facebook.

-Gudrun-

Hjelp til sjølvhjelp…!!

Det er ferietid for mange, også for oss. Me er då ein familie med ei mamma (meg), ein pappa, ei storesøster på 11, ein mellombror på 8 og minsten på tre. Planen er då å reise på ferie, alle fem samla, i ein bil og med ei campingvogn.

Kom med dine all-time-favoritt tips for at foreldra skal overleve bilturen, i ein trang bil med høglydt krangling.

Frå min eigen barndom hugsar eg lange bilturar med storebroren min i midten, sikkert som buffer, og eg og veslesyster mi på kvar si side i baksete. Me hadde (vekselsvis, trur eg) glaset ope, og eg og syster mi (2 år yngre enn meg) sang ganske samstemt (*knegg*) alle sangane me kunne, mens mamma, pappa og broren vår (6 år eldre enn meg) antakeleg rett og slett overlevde.

Men korleis skal eg og gubbis overleve?
Eit tips er å køyre om natta, då søv antakeleg iallefall to av ungane, problemet her er at gubbis (som har lov å køyre med campingvogn, noko eg ikkje har) også pleier sove/sovne på natta… Altså utgår det alternativet.
Eit anna tips kom storesyster på 11 med i dag; spel ein cd som både eg og mellombror likar… Ja, det var jo enkelt å finne, og kva då med tre åringen, som skriker minst like masse som søskena?
Eit tredje tips er evt å legge ferien til Kjørnes camping (dvs 15 min køyring frå heimen) Men då vert det jo ikkje særleg mykje nytt å sjå…

Har du noko andre gode tips? Dvd-spelar, kanskje? Må i tilfelle ha tre stk med tre forskjellige filmar 😉 Ein ting eg iallefall har lært den harde vegen; IKKJE for dei med snop og chips! Det betyr KRIG i baksete. Satsar nok heller på bær, frukt og grønsaker.

Elles så kan jo eg og 11 åringen byte plass i bilen, men mor i huset er den som taklar bilkøyring dårlegast med tanke på bilsjuke.

Har du tips som er heilt geniale og funkar som fjell på bilturar? Ver snill og del dei med ei små-desperat mor, og alle andre som treng det.

Med takknemlegheit,
-Gudrun-

Gudruns favorittar del 1

Dette vert nok ein del 1, del 2. ….del 10 post-overskrift. Sidan eg skreiv nokre gamle favorittar i forrige post, fekk eg inspirasjon til å starte på ein eg har tenkt på lenge. Mine favorittsangar.

La oss starte med babysangar. Kva eg har sunge til mine når dei var babyar.

Eg har gått på babysang på Frelsesarmeen med alle mine tre, og der har me hatt nokre gjengangar-sangar. Nye for meg, men eg trur det er sangar dei brukar på babysang på Armeen rundt om. Eg dristar meg til å skrive ned teksten på nokre av dei, nynorsk-sogningifisert sådann.

Du er så fin
Du er så fin og eg bryr meg om deg.
Du er så fin og eg bryr meg om deg.
Ingen er så fin som du i heile verda.
Ingen er så fin som du i heile verda.
Nydeleg sang å synge mens du vugger babyen og snuser inn babylukta.
Får eg gråte med deg
Får eg gråte med deg når du gråter?
Får eg halde deg når du er redd?
Får eg trøyste på mange slags måter?
Får eg sjå deg når du vil bli sett?
Du får gråte med meg når eg gråter.
Du får halde meg når eg er redd.
Du får trøyste på mange slags måter.
Du får sjå meg når eg vil bli sett.
Til minsten var det jo storesøster og storebror som sang godnatt-sangar når nurket låg i magen. Storesøstera (7-8 år) sang «Berg og båre» (sjå tidlegare post) og «Blåmann bukken min», mens storebroren, som då var 4-5 åring sang div Bæbæ sangar, Roro din båt og So ro lillemann.
Til storesøstera sang eg tre sangar kvar kveld (nesten), Den fyrste song, So ro lillemann og Byssanlull koka kittlen full. Og til mellomgutt vart det felles synging med storesøster om kvelden 😉 Hans favoritt sang som liten var Ro ro din båt. Det er ein flott «nærheit»-sang og synge med babyen, halde han (i og med at mine to siste har vore han) tett inntil og vugge med sangen. Søskenbarnet til ungane mine, hadde «Kven kan sigla for utan vind» som favoritt, men bytta om åror med Håvard.
Det er ikkje nøye kva du syng til babyen, eller korleis du syng det. Babyen elskar å høyre stemma di, og at du held han tett inntil deg mens du syng <3
Til babyen er det rolege favorittar eg har, eg lovar deg at når me veks til, er det meir tjo og hei! Med store bevegelsar og meir liv!
Kva syng du til babyen? (Eller sang for dei fleste av oss, sidan babytiden er så utruleg kort…)
-Gudrun-

Gebursdagssangar

(Bursdagspirat <3)

Vart inspirert på facebook i dag… Voksne skaper vennskap er ein viktig film som alle vaksne bør sjå. Det er uhyre viktig å inkluderer alle, og å sjå det einsame barnet!!

Men eg tenkte å lage ein gebursdagssang-post (pluss å drive litt vaksenopplæring; Det er DITT ansvar kven de inviterer i selskapet, dette skal IKKJE ungen bestemme sjølv)

I barnehagen vel ungane som oftast mellom Happy Birthday og Gratulera med dagen dei velger mellom

Happy Birthday
Happy birthday to you,
happy birthday to you.
Happy birthday to Gudrun,
happy birthday to you.

Gratulera med dagen
Gratulera med dagen,
gratulera med dagen.
Gratulera kjære Gudrun,
gratulera med dagen.

 

Eg har ikkje gebursdag i dag, akkurat, eg er nemleg fødd som ein feiande flott fest på 16. mai

Ungane har lært Happy birthday på italiensk på skulen, men ved hjelp av google, tykkjer eg det minner veldig om spansk. (Og ved nærmare spørsmål til jenta mi, kom det fram at den italienske guten i klassen òg hadde lært dei den spanske versjonen)

 Italiensk versjon
Buon Compleanno a te,
Buon Compleanno a te,
Boen Compleanno cara/caro Gudrun/Gudmund
Buon Complianno a te.

Spansk versjon
Cumpleaño feliz
cumpleaño feliz
te deseamos Gudrun
cumpleaño feliz.

 Hurra for deg, av Margrethe Munthe, er vel den norske gebursdagssangen, sangen over alle. Den burde ta over att for Happy birthday er no mi meining.

 

Hurra for deg
Hurra for deg som fyller ditt år,
ja, deg vil vi gratulere.
Alle i ring omkring deg vi står,
og se nå vil vi marsjere.
Bukke, nikke, neie, snu oss i ring,
danse for deg med hopp og sprett og spring.
Ønske deg av hjerte alle gode ting,
og si meg så hva vil du mere?
GRATULERE!

 

HUGS kva eg skreiv øverst; La barnet ditt sin gebursdag verte ein fin og inkluderande dag, det er DU som bestemmer, spør i barnehagen eller skulen kven du bør invitere dersom du er usikker. Ikkje ver med på å stenge ungar ute frå fellesskapen! «Voksne skaper vennskap!!»

-Gudrun-

Godnatt sangar

Her i huset er det ein sang som er godnattsangen over nokon; Berg og båre. Eg lærte sangen på (jeps, here it comes, avsløringens time) «Kan-ikkje-syngje-koret»-kurs. Me syng denne på tilnærma nordnorsk, så nordnorsk som ein indresogning kan klare. Eg har hatt lyst til å skrive ein godnattsang-post, men kunne ikkje gjere det utan «Berg og båre». Så eg sende ein melding til Kari Bremnes og spurde om eg fekk lov til å bruke teksten hennar, og fekk raskt svar tilbake med positivt svar.

Så her er den mest sangen me syng mest i heimen. Eg begynte å synge den til ungane mine med ein gong eg lærte den, og sang den lenge til jenta mi, som fall like mykje for den som meg. Då ho skulle verte storesøster for andre gong, var ho 7,5-8 år (vart 8 rett før babyen kom), og sang denne sangen kvar kveld til babyen inni magen. Og det vart den sangen som roa babyen etter han vart fødd. No er babyen vorten godt 2 år, og velger alltid «De ko» (=»Der kor») som godnattsang.

(Bildet er ikkje akkurat Berg og båre, men eit bilde av ein stein med hjerte på

Berg og båre

Der kor berg og båre brytes blir det melodia
alt fra løstig sommarlåt te såre symfonia
Kvasse klippa knuses sund og smuldre bort i sanda
men her finns og steina som e god å ha i handa

Der kor berg og båre brytes vil det alltid tære
på den smale, skjøre stripa mella fjor og fjære
Men det går å leva her vi kan ha i minne
at uendelige slag vil ingen kunne vinne

Der kor berg og båre brytes kommer også sangen
langveisfra med seil av sølv heist av solnedgangen
Der den gamle kampen står åpne sæ det nye
skapt av sjø og stein og år og lys fra morragryet

Andre godnattsangar som har vore populære i heimen er «Pusekatt, kest laog du i natt?» og «Katten bad pusen» som begge står i Pusekatt-posten. Og klassikarane som «Sulla meg litt» «Byssan lull», «Når trollmor har lagt», Ivar Aasens «Den fyrste song» og Egners «So ro lillemann».

Byssan lull
Byssan lull koka kittelen full
da kjemme tre vandringsmenn på vegen.
Byssan lull koka kittelen full
da kjemme tre vandringsmenn på vegen.
Den eine akk so halt,
den eine o’ so blind,
den tredje seier slett ingenting.

Sulla meg litt
Sulla meg litt du mamma mi,
skal du få snor i trøya di.
Vil du ha gule,
vil du ha bår,
vil du ha blanke,
skal du det få,
i trøya di,
du mamma mi.

Trollmors voggesang
Når trollmor har lagt sine ellve små troll,
og bunde dei fast i halen.
Då synger ho sakte for ellve små troll,
dei vakraste ord ho kjenner.
Aiaiaiaiaiboff
aiaiaiaiaiboff
aiaiaiaiaiboffboff
aiaiaiaiaiboff

(Trollmors voggesang fungerer ikkje alltid like bra som godnattsang, nokre ungar tykkjer aiaiaiaiaboff er ustyrteleg morsomt 😉 )

Når me syng godnattsangar, syng me alltid roleg og mjukt, mens me sit tettinntil kvarandre og roar ned. Godnattsang er ein fin del av kveldsrutina. Dersom det samme skjer kvar kveld, i lik rekkefølgje, veit barnet at no er det natt, no skal eg sove. I motsetning til ingen rutiner, då kan det komme protestar, for ungen veit ikkje kva som skal skje. Så å halde fast på rutinar i kveldssamanheng, i legginga, er smart 😉 Særleg dersom legginga er eit problem. (Kanskje eg burde innføre faste leggerutinar på dei to eldste att òg… 😉 )

-Gudrun-

Enkle språkråd

Her er eit knippe med språkråd for barn med språkvanskar, eller små barn som skal lære seg språk. Her er litt blanding av barnehage- og foreldreråd, ta til deg det som passar 🙂

  • Enkle sangar, med få ord, og hugs; syng LANGSOMT.
    Døme på Bæ, bæ-melodien; Bil-bil-bil-bil-bil, bil-bil-bil-bil-bil osv. Bytt gjerne ut bil med eit anna ord, anten som er interessant eller som er noko de vil øve på.
  • Snakk langsomt med enkle ord og korte setningar.
  • Les langsomt, bruk ei enkel bok med enkel tekst. Samtale om boka undervegs, ikkje ved å stille spørsmål. Barnet lærer meir av å «ta» ordet i munnen sin og seie det. Tips til barn som ikkje likar bøker; bruk ein pose eller ei øskje fyllt med ting som de kan snakke eller synge om.
  • Mindre grupper, rolegar omgivelsar. Dele gruppa opp.
  • Lære ungane å vente på kvarandre. Alle må få seie det dei vil, lære barna at «Du skal ikkje avbryte meg når eg snakkar». La alle snakke ferdig utan å verte avbrotne, og lær dei å vente på snakketur.
  • Sjå på kvarandre når de snakkar saman.
  • Ikkje snakk for barnet ditt.
  • La språk følgje handling; «no tek me sokken på foten din, så tek me skoen på, og på med borrelåsen.»
  • Ver ein god lyttar.
  • Utnytt mimikk, tonefall og kroppsspråk.
  • Bruk korte, eintydige setningar. Del opp beskjedar i fleire ledd.
  • Bruk av modellsetningar når de spelar spel, det tydeleggjer og skapar oversikt over reglar og turtaking.  «Eg fekk…No er det din tur til å trekke. No er det min tur…»
  • Og hugs, sjølv om eg veit det er vanskeleg, ikkje baser kommunikasjonen på spørsmål. Vaksne har ein tendens til å stille mange spørsmål som barnet ikkje maktar å forhalde seg til. Men KVA er enklare enn KVIFOR.
  • Gje alternativ dersom barnet har problem med å hugse ord, «Vil du ha eple eller banan?»
Vart ikkje så mykje sangar i denne posten, men eg tykkjer det ligg litt i samme gata 😉
-Gudrun-

Taktil persepsjon

Ja, i dag spreier eg om meg med framandord. 😉 Me pedagogar er alltid opptekne av å snakke folkeleg slik at alle forstår kva me seier, som jo er viktig det òg. Men får me auka yrkesstatus dersom me ikkje alltid er so folkelege? Me kan jo mykje, og skal vere stolte over det!

Vel, taktil persepsjon, eller berøringssansen, er enkelt sagt evne til å registrere – og reagere på- berøring, temperatur og smerte. Berøring er viktig med tanke på barna si fysiske- og psykiskeutvikling gjennom heile barndommen, faktisk er berøring ein viktig forutsetning for at me skal kjenne oss vel gjennom heile livet. Me kan aldri ta på ungane våre for mykje, derimot kan me ta for lite på dei.

«Ro din båt» er ein fin sang berøringsmessig, ungen sit på fanget til den vaksne, og så ror dei att og fram i første del av verset, og vuggar fram og tilbake i andre del av verset. Regler med berøring, som «Kjemme ein liten rev» er òg lure til taktil stimulering.

Ylva Ellneby (som har skrive fleire fine bøker om barn) seier i boka «Se hva jeg kan!» at det kan vere lurt at dei vaksne har nokre vanlege berøringsleiker i sitt leikerepertoar. Dømer til små barn

  • Bake bollar; Barnet er deig som vert rulla og elta på golvet.
  • Kile leikar; td. «Kjem ein liten rev»
  • Katt og mus; «No kjemme eg og teke deg» Jage og fange – og gi ein god klem.
  • Huskeleik; sitte på fanget til ein vaksen og huske opp og ned eller fram og tilbake, som i «Ro din båt»
Grunnen til at eg tek opp dette temaet no, er at det er oppstartstid i barnehagen. Og det å oppleve nærheit og kontakt er det aller viktigaste for små barn, særleg i situasjonar som kjennes utrygge. Derfor er det viktig å hugse på å gi dei eit fang å søke inn til, både heime og i barnehagen. 
So sagt er det oppstartstid i barnehagen, og litt travlare tider. Så eg rekk ikkje oppdatere bloggen så mykje no før ting har roa seg litt.
Har du fine berøringssangar eller regler, ikkje nøl med å skrive det i ein kommentar 🙂
-Gudrun-

Syng for barnet ditt

Stemma di er den finaste for ditt barn, den er velkjed og trygg. Det betyr absolutt ingenting om du synger reint, det som tel er ei smittande glad stemme some er ein del av verda til barnet. Sjølv om du aldri har sunge før, kan du trygt prøve å synge for barnet, for du har den heilt rette stemma for akkurat ditt barn <3 Og ein annan ting; syng det du vil og føler deg trygg på ;) Alle kulturar brukar rytme, sang, tøysing og latter i omgang med småbarn.

Kos dykk med sang i dag <3 -Gudrun-