Samlingsboksen min – inspirasjon

Eg fekk for ei tid tilbake spørsmål på instagram om eg kunne skrive litt meir om korleis eg brukte samlingsboksen min i samlingsstunder. No, etter at eg er ferdig som konfirmantmamma og har fått landa litt, har eg endeleg teke tak i utfordringa. Eg har alltid med meg ein boks eller ei korg som eg … Fortsett å lese Samlingsboksen min – inspirasjon

Eit av mine tidlege barndomsminner.

Eg er medlem av forskjellege «barnehage»-grupper på facebook, og i ein tråd på ei slik gruppe, dukka ein sang som eg lærte då eg gjekk på «førskulen» for 34-35 år sidan. Eg brukar sangen ofte i barnehagen i dag òg, ikkje så mykje i samlingsstunda, men meir som «ventesang», mens me ventar på mat, på … Fortsett å lese Eit av mine tidlege barndomsminner.

Samlingsboksen – inspirasjon

Dersom ein skal få plass til alt, må det pakkast godt. Men du har eit vell av idear, inspirasjon, improvisasjon, ingen samling treng verte lik, det poppar opp songar og eventyr, kun fantasien set grensene. Mikkel, Bamse Brakar og Sjiraffen Laffen er sjølvsagde i mine samlingsboksar. Her er òg eigenproduserte songkort. Boksen er ei gammal … Fortsett å lese Samlingsboksen – inspirasjon

Kvifor vert det bra?

Samlingsstunda er hovudgrunnen til at eg jobbar i barnehage! Kanskje litt flåsete sagt, men det er dagens høgdepunkt, utan tvil. Eg har skrive mine beste tips til samlingsstunda tidlegare, men tenkjer at ein god ting ikkje kan seiast for ofte. Kva med deg? Det er ikkje alle som gler seg vilt til samlingsstunda. Nokon vert stressa av … Fortsett å lese Kvifor vert det bra?

Ikkje for utålmodige pyser!

Som eg så vidt har nemt før, har eg bestilt meg nokre «samlingsboksen.no»-handdokker. Avtala var grei, tidsaspektet såg flott ut. Eg bestilte, førehandsbetalte og begynte å vente. To månadar skulle det gå, ein månad til produksjon og ein månad til transport, frå Kina. Eg bestilte 18. desember. Eg håpte dei skulle komme i februar, men … Fortsett å lese Ikkje for utålmodige pyser!