Kategoriarkiv: samlingstips

Dei tre beste tipsa for å lære småbarn sangtekstar

Det enkle er ofte det beste, har eg visst ofte sagt. Me begynte med ein ny månadssang i dag, for Hey! Me er allerede i mars 2014! Me har kvart år ein «Årets forfattar», og i år har me vald ein litt lokal variant, og velger sangar med inspirasjon frå Olav Stedje. Han har ikkje dikta så mange av dei sjølv, men me syng songar som han har sunge før oss.

I mars er det altså fotballsongen over alle fotballsongar; «Stao no pao!» som er månadens song. Me introduserte den i dag, nokon som kan gjette kva som var i boksen? Jau, sjølvsagt ein ball! Det er enkelt og greit! Eg likar som eg har fortalt mange gonger før, best å ha ein ting som ungane kan sjå og ta på.

fotball

Me prøvde oss med første verset, og bestemte oss der og då, at me måtte prøve å halde oss til kun refrenget.

Stao no pao! Superlag frao Sogndal.
Da e ikkje nåken so kan slao oss no.
Stao no pao! Superlag frao Sogndal.
Da e ingen andre so e lika god.

Viss me får eit-to åringane våre til å synge dette, så er me storfornøygde, me er trassalt ein avdeling med småbarn. Eg er absolutt ikkje motstandar av å synge avanserte songar med småbarn, men eg trur på at det må vere enkelt nok til at ungane kan lære det. Eg ser føre meg at det kan verte stas, viss me greier å synge «Stao no pao!» Ein ting er at det må vere enkelt nok, og eit anna tips til å få ungane med på songen er å syngje S-A-K-T-E nok. Viss du girer ned mange hakk, så får ungane med seg, og lærer teksten lettare. Det tredje tipset; Bruk bevegelsar!

Og eit fjerde tips, slik på tampen, til eldre barn; tegn opp teksten. Eg gløymer aldri ungane mine song som kor med «noteark», dvs teksten tegna opp på eit ark og kopiert. Dei fleste av desse ungane køyrer no bil 😉

Lik gjerne Facebook-sida mi, og del bloggen med andre viss du finn noko du likar.

klem,
-Gudrun-

Tre små griser – ny fellessamling

Tenkte at eg skulle planlegge fredagen si fellessamling her saman med deg. Me hadde «Skinnvotten» som teaterdel sist, og tenkte å prøve eit anna eventyr denne gongen. Kjapt valde me «Tre små griser». Eit eventyr me kan godt frå før. Me er ikkje perfeksjonistar heller, så me tek det slik det passar oss. Moro har me det lell.

Fingerdukker av eventyret om de tre små griser
Fingerdukker av eventyret om de tre små griser.

Rollane er då tre griser og ein ulv. Sjølv om det mest rettferdige er 2 rollar på kvar, så vert det nok ei rolle på ein (ulven) og tre rollar på hin (grisene). Me treng noko rosa til grisene og noko grått til ulven. Eg har sett mannen min på saken å skaffe meg ein murstein, og så treng me strå (godt det er lite snø i år) og plankar. Då har me det me treng av utstyr. Me lyt ha eit hus òg, spørs om det vert bordet på høgkant igjen.

Me må nok ha ein repitisjon av Skinnvotten òg, kanskje me kan få ungane til å gjenfortelje for oss? Eller iallefall trekke nokre paralellar til forrige samling.

Og me på småbarnsavdelinga må lære dei andre sangen vår; «Tre små griser». Det er ein song me brukte mykje i haust, du får heile eventyret i nokre få enkle vers.

Sangar me skal hugse på er «Hokkus og Pokkus» for den er så populær på avdelinga, «Åkken Bom» for det er månadssangen, og dei sangane me sang forrige gong.

Har du andre tips?

Ser for meg samlinga omtrent som  dette;

Opning; samme som sist, og av nostalgiske grunnar, «Her i barnehagen». Nokon av dykk som var saman med meg og Anne Kristin tidleg på 2000-talet som hugsar denne?

Deretter må me opne boksen. Me lagar litt styr rundt det å få opp hjarteboksen vår. Som ungane no sikkert hugsar, må me seie «Abra kadabra». Men kanskje boksen er litt fin på det denne gongen og må ha alle til å seie det? Me finn nok på noko.

Oppi boksen ligg dagens plan, dvs noko som me forbinder med songane me skal syngje og det me vil snakke om. Først trekker me opp nokre av songane frå sist. Bilen som symboliserer Ford Escort, dei tre dyra frå Gå i jungelen, og sidan me har ny månad, må me ha noko som skal pense oss inn på Åkken Bom. (Eg var på pub i romjula, nærmare bestemt Lægreids puben, der Olav Stedje stod for underhaldninga; Åkken Bom vart framført, ved ALLSANG, minst to gonger… Ja, på puben!) Spørs om me må ha med oss ein måne eller noko.

På småbarnsavdelinga (1 åringane mine) er det Hokkus og pokkus som er poppis for tida, så den må me klare å lure inn.

Deretter vert det litt snakk om eventyr, og me kjem litt innpå Skinnvotten før me går vidare til Dei tre små grisene. Og dramatiserer i vildens sky 😉

Gler meg, som alltid <3

 

(Hugs; den perfekte samlinga kan ikkje planleggast, DEN SKJER  MELLOM DEG/DYKK OG UNGANE)

-Klem-

Gudrun

Skinnvotten

Me jobbar med Skinnvotten i vinter, for alle ungane i barnehagen. Me på minste avdelinga har fått tildelt «Pilemus Silkehår». Me skal lage oss enkelt kostyme, har tenkt å sy øyrer på huer og lage oss ein musehale.

Vidare skal me lage mus som me skal pynte med på avdelinga, trolldeig, silkepapir, tegne, måle. Me jobbar med eventyret i nokre veker, og avsluttar med dramatisering, der me skal vere Pilemus, som sagt.

samlingsboks

Uttrykket «Når katten er borte, dansar musene på bordet» har vel knapt vore meir passande enn då styraren vår var borte frå jobb på fredag, den vanlege «Fellessamlingsdagen». Styraren vår, som er super flink, pleier alltid å ha desse samlingane. Men ikkje på fredag, nei, då såg eg og ein av dei andre ped.leiarane vårt snitt, og kuppa heile greia. Eg og Anne Kristin jobba saman for 12-14 år sidan òg, og hadde alltid fellessamlingane då i gamle dagar. Og fellessamlingar skal eg love deg at det var, i ein times tid, med ungane som glade deltakarar.

Vel me såg altså vårt snitt att no på fredag, og eg vil virkeleg seie at me oppnådde målet vårt, eg fekk tidenes beste kompliment i etterkant av samlinga; «Du er jammen god til å ha samling», sagt av ein gut på 4 år. Det var eit slikt energirush at eg lever stort på det fortsatt. Når me sit der, men 50 ungar, frå 1-6 år, og 15 vaksne, og eig rommet, det sprudlar av energi og ungane er trollbundne, i 45 minuttar (!!) då har eg det moro på jobb, altså!

Kva gjorde me?

Nummer 1: Me er to damer som slett ikkje er redde for å drite oss ut, sagt på godt sognamål. Det er det aller viktigaste, me brukar oss sjølve maks, og likar at dei som ser på ler av oss. Kan ikkje få sagt dette ofte nok, det er alfa omega; Bruk deg sjølv!

Nummer 2: Samlingsboks! Sikkert ikkje så overraskande. Hadde med boksen eg brukte med 2-3 åringane i fjor, men ein del kjende sangar oppi, som dei kanskje ikkje hadde sunge så masse i år; Ford Escort, Gå i Jungelen osv. Kjekt gjensyn.

Nummer 3: Dramatisering. Me dramatiserte Skinnvotten historia. Med særs enkle kostyme. Me valgte ein farge til kvart dyr, og tok på oss ei skjorte eller ein jakke e.l. i den fargen. Ingen vart redde, men alle sat som fjetra. Det er viktig å tenkje på med drama med så små barn (1 åringane) at du ikkje må verte ukjenneleg. Me trekte òg ungane med, me sang ein sang for kvart dyr, og ungane kom med forslag. (Me hadde skrive opp kriseforslag, slik at me ikkje skulle verte sittande å lure.) Det er ein fordel å kunne eventyret godt, som så ofte i barnehagekvardagen, er det ikkje mykje tid til overs til gjennomgang. Me hadde omtrent null tid til førebuing, ein liten kort telefonsamtale torsdagskvelden.

Eg skal skrive ein litt meir utfyllande beskrivelse av samlinga, som dei som vil kan lese, men desse tre punkta er essensen.

Og ja, me tek på oss oppdrag, berre ta kontakt, så stiller me opp, viss lønna er bra nok 😉

Klem,

-Gudrun-

Julegåve til meg sjølv

Eg hadde verdas beste lærar i musikk på lærarskulen. Me lærde mange spennande sangar. Og ho har gitt ut sangbok. Og den fekk eg hjå meg sjølv til jul i år! 🙂

kirstiese

Eg hugsar ein del av sangane, eg har brukt mange av dei masse i barnehagen. Men det var òg sangar som hadde gått i gløymeboka, men no, med bok OG CD kjem dei inn igjen!

Svært godt nøygd med julegåvene i år 😉 (Eg fekk termodress òg, den gamle gikk i søpla i vår, men no er eg kledd for vinteren igjen!)

Håpar romjulstida di er fin! <3

Klem,
-Gudrun-

Kva er målet med samlingsstunda i barnehagen?

Eg har hatt «Utviklingssamtale» i barnehagen til min yngste son. Og eg og pedagogen begynte å diskutere samlingsstunda. Kom vel innpå det når ho sa at han ikkje alltid sat i ro i samlinga… Og eg har vore med på min del av kjedelege samlingar, og då har eg virkeleg problem med å sitte stille. Og for ikkje å snakke om kjedelege førelesingar, korleis oppfører du deg då?

DSC01292 (600x800)

Er samlingsstunda rette settingen å lære om dyrelydar og planteartar? For meg er det viktig å ha det moro i samlinga. Ungane skal elske samlingsstunda. Og dei kan lære masse sjølv om dei har det moro! Mine toåringar (treåringar) var (heilt ubeskjedent) dei som sang «best» i fjor. (Jaudå, de var flinke på dei andre avdelingane òg, men ungane mine var berre 2-3 år, hugsar de kor flott dei sang?)

For all del, du må berre lære ungane planteartar, det kan dei ta nytte av når dei er med på ein bildequiz som 38 åring, og nailar (nesten) alle tresortane 😉 Men det må gjerast moro! Og KORT!

Egentleg meiner eg at samlingsstunda kan vere fri for slike teoretiske læringar. Viss det sit 15 ungar i alderen 3-6 år, klarar du ikkje å fengje alle lell, og nokon byrjar å bråke, og du eller andre vaksne byrjar å kjefte. Ungane er ikkje skapte for slikt. Du KAN lage samlingsstunda magisk! Og moro for alle, både ungar og vaksne. Og eg VEIT at alle kan få det til. Det har eg vore så heldig å få oppleve. Det er kjekt det, å sjå ein vaksen blomstre opp frå kjedeleg og monoton til å bruke seg sjølv med stemme og fakter.

Viss du vil lære ungane om tresortar, som eg altså tykkjer er nyttig allmennkunnskap, og heilt naturleg, for meg er det ei sjølvfølgje at alle kan slikt, men eg har jo sett på den nemnde quizen at slett ikkje alle kan slikt, faktisk berre ein (meg) av åtte. Men altså, viss du vil lære dei tresortar, så kan du jo gjere det i grupper etter samlinga? Eller litt meir naturleg, når du går i skogen saman med ungane og kan vise dei det? Så kan du jo trekke eit blad opp av boksen neste samling, og spørje om nokon hugsar kva tresort det er…

DSC01295 (800x600)

Ja, for boks må du ha 😉 Eg fekk forresten støtte for mitt syn på samlingsstunda hjå pedagogen i barnehagen til sonen min, berre so det er sagt 😉

Samlinga brukar eg til å synge sangar, som er flott språktrening BTW, og til drama. Elskar dokketeater! Og det fengjer ungane, frå 1 til 6. Eg hugsar før i «gamle dagar» då me jobba med Kari Lamer sitt opplegg «Du og jeg og vi to». Då jobba me mykje med rollespel for ungane. Me hadde dette som tema i kommunen for mange år sidan, flott program, som er nyttig i dag òg! Lamer gav forslag om forskjellege rollespel til kvart av emnene i programmet. Når dei vaksne spelte kvardagsproblem for ungane, fekk dei eit anna perspektiv, og kom med løysingar til problema. Det vert som å høyre på ein god førelesar, eller stand-up komikar, du kjenner deg att i det som vert sagt og ler, egentleg av deg sjølv….

Kva meiner du, er eg heilt på viddene? Eller kan samlinga vere gøy, utan at du får dårleg samvit for at du skulle lært ungane om dyre ekskrementer? Korleis brukar du samlingsstunda? Har de det moro, du og ungane?

(Dette innlegget sat litt langt inne, har redigert det x antal gonger, og vurdert å slette det, men Here It Goes! Eg meiner Leik, Glede og Humor treng større plass, og at læring er mykje forskjelleg… Ikkje skyt meg, eg er eit fredselskande vesen, av og til, iallefall…)

-Gudrun-

Bjørnen

Eg er, som dei fleste nok har fått med seg, veldig glad i dramatisering. No har eg funne meg nokre flotte handdokker som skal oppi samlingsboksen min. Eg har ikkje bestilt dei endå, så det tek ei stund før du får sjå dei 😉

Men det stoppar meg ikkje i å førebu korleis eg kan bruke dei. Først ute er Bjørnen (sidan eg tykkjer Revar er litt oppbrukt akkurat no, men det er altså ein rev der òg). Eg tenkte då på at eg kan bruke alle eventyra der reven lurer bjørnen. Men kva anna kan eg bruke ein bjørn til?

Bjørnen søv no
Bjørnen søv no, bjørnen søv no,
i sitt lune hi.
Han er ikkje farleg,
berre ein går varleg.
Men ein kan jo,
men ein kan jo
aldri vere trygg.

Det er jo ein slagar i barnehageverda. Må innrømme at det ikkje er ein av mine aller mest favorittsangar, så eg brukar den ikkje so mykje. Men ungane likar den ofte, så det er ein fin sang å hugse på.

Eller er «Jeg fikk av min pappa en teddy» og «Teddybjørnens vise» sangar som kan brukast. Har du andre bjørnesangar på lur? Eller noko anna som ei handdokke av ein bjørn kan brukast til? Del med meg då vel <3

I morgo skal eg operere det andre auga mitt, mogeleg det kjem eit nytt takknemlegheits innlegg 😉

Klem frå

-Gudrun-

Ny song, eller nye vers iallefall ;)

Eg (og minsten) har dikta ny sang, eller vidare ført «Tre små griser» til «Tre små bukker» og fått ein ny eventyr sang!

Tre små bukker

Tre små bukker,
la lu la lu la lu.

Dei sang på brua,
la lu la lu la lu.

So kom trollet,
la lu la lu la lu.

Bukkane vart redde,
la lu la lu la lu.

Kva trur du så dei gjorde?
La lu la lu la lu.

Dei stanga trollet i fossen,
ha ha ha ha ha ha.

Stilig sang? Eg har berre sunge den saman med tre åringen, men ser ikkje vekk frå at eg tek den med i barnehagen. Trur denne funkar fint!

Lik gjerne Samlingsboksen på Facebook. Postar ein del andre ting der òg.

Klem, Gudrun, som fortsatt er stolt over klatringa på tysdag..!!

Dei tre Bukkane Bruse

Dokketeater er moro, sjølv om dokkene er laga av tomme dorullar. Forrige veke fekk eit åringane møte «Dei Tre Bukkane Bruse», med 4H-prosjekt-dorullane som «dokker» og ein smilande glitterbamse som troll 😉

dorull

Me hadde andre møte i dag, ungane elskar samlingsstunda! Dei spring til kroken når dei ser samlingsboksen. Det einaste andre som har samme virking er om det kjem mat på bordet 😉 Då òg kjem dei unisont springande…

Eg tok berre med Bukkane som ein liten prøve forrige veke, tenkte det vart for avansert for eit åringane å følgje med på eventyret. Men når dei fekk det visuelt med dokkene, pluss litt drama frå stemme og ansiktsuttrykk, sat dei som spikra. Det var fantastisk å sjå kor med dei var.

Bukken-Bruse

Vesle Bukken Bruse, trippa over trollebru.
No tek eg deg, sa trollet, og var so grum i hu.
Nei og nei ta ikkje meg, eg er tynn og liten eg,
han som kjemme etter, mykje meire metter.

So gå då, sa trollet

Mellom Bukken Bruse, trampa over trollebru.
No tek eg deg, sa trollet, og var so grum i hu.
Nei og nei ta ikkje meg, eg er tynn og liten eg,
han som kjemme etter, mykje meire metter.

So gå då, sa trollet.

Store Bukken Bruse, TRAMPA over trollebru.
No tek eg deg, sa trollet, og var so grum i hu.
Eg er ikkje redd for deg, berre kom, eg stangar deg.
Pang og pang det skramla, stygge trollet ramla.

Store Bukke Bruse stanga trollet ned i vatn,
so no går Bukken Bruse so glad på sætervang.
No er denne visa slutt, bukkane går ofte ut,
dansar over brua, opp til sæterstua.

Tekst: Arvid Höglund (svensk)

Eg skal ikkje lyge på meg at me har sunge denne sangen med eitåringane, men det er ein sang me kan ta opp. Akkurat som Tre små griser, er dette jo heile historien i ein sang. (Dog litt meir avansert tekst)

Alle Killebukkane

Alle Killebukkane på haugane sprang,
spurde om Karin var heime.
Mamma til Karin ho svara JAAA!
Og alle Killebukkane dei vart so glad,
dei klakka seg på låret og sa HAHAHA!

Mamma til Karin ho svara NEEII!
Og alle Killebukkane dei vart so lei,
dei sprang inn i skogen og gøymde seg.

Kva tykkjer du; er det enklare å fortelje eventyr med rekvesita, eller vil du at ungane skal lage eigne bilder? (Kan dagens unge lage eigne bilder?)

Sler eit slag for dokketeater og dramatisering i dag, viss du tykkjer det er flaut med dei andre vaksne; Hugs på kven som har betalt for å sjå deg, og kven som faktisk har betalt for å sjå på deg… Kven skal du ta mest hensyn til..??

I går klatra eg forresten opp i klatreveggen (12 meter) på led!! Dvs at eg knipsa meg inn på veg opp, og ikkje var festa i toppen! Jepp, er GRISESTOLT, så eg forteller det til ALLE!! Eg trudde ærlegtalt at eg ikkje var sterk nok, men det var eg!! Yuhuu!! (Jadå, veit at det var ørlite off topic, men eg berre MÅTTE fortelje deg det…)

Klem frå Spiderman, aka Gudrun

 

 

 

 

Hallo verda!

Velkommen til mi nye heimesida. Etter å ha blogga i godt og vel eit år, har eg no altså gått til det steget å kjøpe mitt eige domene. Valget fall på samlingsboksen.no. Grunnen til at eg valde samlingsboksen, er at gjennom dette året har samlingsboksar vore eit gjennomgåande tema på bloggen.

Eg er, som dei fleste lesarane av bloggen har skjønt, og ikkje minst; Ungane er, svært glad i samlingsboksar. Boksar der eg har liggande forskjelleg stasj som eg kan bruka i samlinga. Eg har hatt min del av rutine samlingar med kjedeleg innhald, og eg har òg planlagt mang ei samlingsstund. Men etter at boksen vart ein fast samarbeidspartnar, har eg, ungane og dei andre vaksne, fått det meir moro i samlingsstunda. Berre det å trekke opp edderkoppen, og la ungane «gjette» kva sang me skal synge, er så mykje meir spennande enn «Nei, no syng me vesle Petter Edderkopp, de. Ein to tre» Eitåringane likar samlingsboksar, toåringane likar det, tre- fire- og femåringane, seksåringane, tjueåtte åringane, knyte det til noko visuelt, noko meir handfast, fengjer mykje meir enn berre abstrakt prat.

Eg fyller jo boksen min med det eg finn på min veg, men den første gongen eg var med på ei samling der det vart brukt ein boks (sterk underdrivelse, for det var ikkje ein boks, men ei vakker, rosemåla kiste), var boksen/kista tom. Men sjølv med eit heilt tomt skrin, trylla Judith, som hadde samlingane, fram spennande sangar frå skrinet.

Velkommen til min nye heim, håpar du vil følgje meg vidare og sjå kor ferda går. Og deler du den med andre som treng det, er dei hjarteleg velkomne, og eg vert super glad <3

-Gudrun-

Ein treåring sine favorittar

I vår sang eg «Gå ein tur i Jungelen» for første gong for min eigen treåring, ein sang som eg hadde sunge nesten kvar dag saman med andre treåringar. Dette vart raskt ein favoritt som han valgde kvar gong han skulle legge seg ei tid.

Jungel-sangen
Gå ein tur i jungelen,
gå ein tur i jungelen.
Kva ser du der?
Kva ser du der?
Viss du høyrer lydar,
viss du høyrer lydar,
kva kan det ver’?
kva kan det ver’?
Eg trur det er ein slange, ssssss
eg trur det er ein slange, ssssss
eg trur det er ein slange, ssssss
som ser etter litt mat,
som ser etter litt mat.
Gå ein tur i jungelen…osv
Eg trur det er ein krokodille, klapp, klapp, klapp
eg trur det er ein krokodille, klapp, klapp, klapp
eg trur det er ein krokodille, klapp, klapp, klapp
som ser etter litt mat,
som ser etter litt mat.
Gå ein tur i jungelen…osv
Eg trur det er ein tiger, wreeeel, wreeel,
eg trur det er ein tiger, wreel, wreeel,
eg trur det er ein tiger, wreeel, wreeel,
som ser etter litt mat,
som ser etter litt mat.
Eg hapa’kje da verte meg,
eg håpa’kje da verte meg.
(eller saman med min eigen gut håpar eg det ikkje vert meg og deg eller oss 😉 )
Denne er med rørsler, som ein gjer ørlite før teksten, slik at ungane enklare klarar å henge med.
Det var favoritten ei lang stund, heilt til eg starta på småbarnsavdelinga, og begynte å synge tre små griser. Då adopterte han den som favoritt, rett nok ikkje like lenge, berre lenge nok til at han hadde lært den. 😉 Den skreiv eg opp att i ein post tidlegare i veka. Men som sagt, måtte han alltid avslutte med at «So leste mammao atte døri» slik at han fekk ei god og trygg avslutting på det heile.
No er det ein ny favoritt, som han kallar sjiraffen blaffen. Dette er ein sang som eg sjølv òg er veldig glad i, men som eg har brukt alt for lite i det siste.

 

Sjiraffen Laffen
Sjiraffen Laffen, gir alltid blaffen,
i om det er fløyte nok i kaffe’n.
Sjiraffen Laffen, sa sist eg traff’en
Ka-raf-el-vaff.
Tjo og hei på deg gamle venn,
tiddeli-tuddeli, smått om senn.
Rumba, samba og så ein vals,
høyr no eg synger av full hals.
Taratta-ta-ta….
Når eg var på stor-avdeling, dansa me alltid samba rundt i rommet mens me sang denne sangen, det har eg ikkje gjort i dei siste to åra med småbarn. Men kanskje eg skal ta den med inn i gymsalen, små barn dansar vel?Ein gong, om ikkje so lenge (??), skal eg begynne ta opp video. Vil du ha video med Jungel-sangen? Skriv ein kommentar, eller skriv det på Facebook.

-Gudrun-
som har greidd å ikkje løfte og ikkje bøyge seg so masse i dag, og går med ein nærsynt og eit langsynt auge enn so lenge.