Me har hatt nettverkssamling i dag, eg er i fagnettverket til Kunst, kultur og kreativitet, ofte forkorta til KKK, som dotter mi på 16 år tykkjer er ei heilt forferdeleg forkorting.
I dag hadde me deling av songar og songleikar, eg har skrive om førebuinga til denne samlinga her. Me fekk i oppgåve å sende inn tre songar, frå alle som er i nettverket i kommunen. Eg sende inn 7. Den eine vart valgt ut til delinga; Gå i jungelen.
Eg har fått mykje respons både på bloggposten og på Facebookgruppa og tenkjer eg kan dele fleire av mine favorittar med deg.
Opningssongar
Denne er frå mi tid i Stedje barnehage. Godt mulig versjonen min ikkje stemmer heilt med den eg i utgangspunktet lærte, men dette har iallefall vorte min versjon.
Hei alle saman
Hei alle saman vil de vera med og syngja?
Ja, det vil me gjerne!
Kanskje me får heile barnehagen til å gynge.
Ha ha ha ha
he he he he
e – i – o
e – i – o
Å sjubbe-dubbe-dubbe-dua
Ha ha ha ha
he he he he
hi hi hi hi
e – i – o
e – i – o
Denne brukar eg når eg har «fellessamling» med småbarns/mellombarnsavdelingane i barnehagen. Når eg har fellessamling med alle, som eg ikkje har hatt i år, fordi me har vorte ein stor-stor barnehage med 81 ungar, er det denne eg som oftast vel.
Her i barnehagen
Her i barnehagen – Her i barnehagen
Her har me det gøy – Her har me det gøy
Mykje rart å gjere – Mykje rart å gjere
Og så mykje skøy – Og så mykje skøy
Skvi – skva -skvadulia – Skvi – skva – skvadulia
Skvadulia ååh – Skvadulia ååh
Ari – ari – ari – Ari – ari – ari
Ari – ari – ååh – Ari – ari – ååh
Eg lærte eit nytt ord for denne typen song i dag; call-response, eller rop-svar. Eit passande navn, tykte eg. Me er så heldig i nettverket mitt at me har fått Lena Skjerdal som høgskule-kontakt, og ho er eit oppkomme av kreativ sang.
Til vanleg songsamling, vel eg oftast «Godmorgon alle saman». Eg tykkjer det er viktig å ha ein fast song til opning av samlingsstunda. Eg pleier berre å starte samlinga med dei ungane som har sett seg. Då kjem dei andre ganske kjapt. Viss eg skal vente til alle har komme og sett seg, er dei som kom først allerede vorte rastlause. Så då likar eg bedre å berre starte.
To frå Kirsti
Eg hadde, som eg har nemd før, Kirsti Ese i musikk då eg gjekk på Lærarskulen. Her kjem to av mine favorittsongar frå ho. Ho lærde oss eit vell av songar, og mange av dei er mine favorittar, men i dag får du berre to.
Kjennerblues
Eg kjenne da i magen – åååå-hååå
Eg kjenne da i ryggen – ååå-håå
Eg kjenne da i føttn – åååå-hååå
Eg kjenne da i håve – ååå-håå
Eg kjenne da her og her og her og her og her og her og her.
Eg er så glad – i heile kroppen.
For dei av dykk som gjekk på Lærarskulen saman med meg, eller har kjennskap til Kirsti Ese; Nei, ho song ikkje denne songen på Dala-dialekt, men eg har gjort han til min, og oversett han til Daling. Eg lærte den på bokmål, viss du vil bruke han og ikkje er komfortabel med kav sognadialekt, så kan du berre oversette han til di dialekt.
Samina
Samina mina eh eh
Waka waka eh eh eh
Samina mina sangelewa
Anawa eh eh
Samina mina eh eh
Waka waka eh eh eh
Samina mina sangelewa
Anawa eh eh
Django eh eh
Django eh eh eh
Samina mina sangelewa
Anawa eh eh
Denne dukka plutseleg opp i ein fotballsong, Shakira som song. Det gleda meg stort! Eg anar ikkje kva denne songen betyr, men både eg og ungane likar han! Tidlegar, når eg bestemte det meste sjølv, var denne songen fast oktobersong, fordi eg tykkjer den passar til solidaritet og barn i andre land. Eg bestemmer ganske masse sjølv fortsatt, så muligens eg skal hente han fram att.
Vil du at eg skal synge inn melodien?
Eg kan gjere som sist, å synge inn songane og legge dei ut i gruppa på Facebook. Dersom du ønskjer video, kommenter under så kjem det om ikkje så brått <3
Klem,
Gudrun